torsdag 22. januar 2009

Skritt vert talde!



Dei som har følgd bloggen mi ei stund, hugsar kanskje at eg for over eitt år sidan leverte attende to skritteljarar fordi dei ikkje talde skritt. Ikkje reagerte dei på trapper eingong.

I går kjøpte eg meg ein som likna heilt på den gamle. Prisen var ikkje noko å seie på; 49 kr på Jernia.

Denne tel i alle fall skritt! Eg driv og forskar på den for å ta den i "juks". For jammen har eg gått langt i dag! Anten juksar den, eller så gir den nye omvegen gjennom ei anna dør for å kome til skulekjøkenet utslag. Eg har dessutan hatt meg nokre avstikkarar i løpet av dagen i tillegg til å gå til og frå jobb.

No skal eg nok gå 100 skritt og forske på denne også. Men eg må innrømme at det er mykje meir motiverande når ein får "belønning" for skritta enn når dei ikkje vert talde. Heile vitsen med skritteljaren er at ein skal bli motivert til ekstra gåing.

P.s. Kanskje stegteljar er eit betre ord? Ikkje skrittmålar som ein kollega sa.

4 kommentarer:

arieldog sa...

Eg veit ikkje kor mange kilometer eg har gått etter vegane og talt for å avsløre juks på min skritt-teljar. Den tel ikkje nok i oppoverbakke på fjelltur, og det er veldig irriterande. Målet har hittil vore 70000 skritt (eller steg, då) i veka - det var lettare å handheve enn eit dagleg mål på 10000. No etter nyttår har eg auka på, men det kan vere vanskeleg å få gått nok i travle rette- og møteperiodar.

solveig sa...

Det har også vore mitt mål tidlegare. Veka startar måndag. Hadde eg ei slapp veke, var det ut på langtur søndag!

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg var så flink til å bruke skritt-teljaren min for to år sidan. Då gjekk eg ca. 4000 skritt på jobb, og kom opp i 10.000, viss eg gjekk ein times tid om kvelden. No har eg ikkje brukt den på lenge, men kanskje eg burde skifte batteri og starte igjen. Eg var veldig godt fornøgd med min, som var kjøpt på apoteket og var BEST I TEST. Men den talde ikkje rett på fjellturar...

arieldog sa...

Det morosame er at ein kan få fleire tusen steg på shoppingtur... Verste eg har hatt, var 2000 steg på ein dobbelttime i norsk. DÅ jobba eg hardt og intenst!