søndag 6. september 2009

Kva tre er dette?

Øystein samla på tre for nokre år sidan og planta dei i grensa mot marka ovanpå huset. I år har det kome frukt på eitt av dei, men vi vert ikkje samde om kva slags tre det er. Kanskje nokon av blogglesarane har peiling?
Torsdag vakna eg med elendig stemme. Det er ei sykje som går på skulen no. Det er vel snart fire år sidan sist eg miste stemma totalt. Aldri har elevane vore så rolege! Eg måtte berre kviskre til ein elev at det måtte bli stilt. Deretter skreiv eg arbeidsoppgåver på tavla. Slikt går sjølvsagt ikkje i lengda.

No er eg sur for at eg ikkje vert betre. Eg får kort pust berre av å gå opp trappa. I morgon har vi langdag til fem, og tysdag er det foreldremøte. Eg har satsa på å sløve meg frisk. No er eg heller ikkje skikkeleg sjuk, berre redusert, og det er travelt!

For å kome attende til frukta over, eg smakte på den. Den var heller smaklaus, med ein liten oval stein i midten. Kan det vere villplommer av noko slag?

7 kommentarer:

Besta sa...

For meg ser det ut som det er Reine Claude-plommer. Kanskje ein vill variant?

solveig sa...

Dei er omtrent dobbelt så store som kirsebær eller som ei tredel plomme.

Besta sa...

Dei såg større ut på bildet.

solveig sa...

Det er bitte små blad på treet og, så det er ikkje så rart.

Alt godt sa...

Eg vil tru at det er mirabell-plommer, dei er mykje mindre enn vanlege plommer. Eg har ikkje smakt dei så ofte, men eg var på ein urtegard i Østfold tidleg i september eit år, og der hadde dei eit tre med mirabell-plommer som bugna, og dei selde små, lekre glas med mirabellplommemarmelade. Kjem du til Oslo, kan du ta ein tur til Sandvika storsenter. Der har dei søstrene grene, og der sel dei mirabellplommemarmelade, fikenmarmelade og andre godsaker.

Alt godt sa...

Søstrene grene er ein butikk, altså. ;-) Kan du endre innstillingane på kommentarfeltet slik at ein kan kommentere på andre måtar enn med blogger-konto? Når eg er på jobb har eg av ein eller annan grunn ikkje tilgang til den, og då får eg ikkje kommentert. Og så gløymer eg det når eg kjem heim. :-)

solveig sa...

Eg skal prøve å endre innstillingane! Det er hyggeleg med kommentarar. Plommetreet skal i alle fall ikkje hoggast ned! Osloopphald vert det i alle fall neste sommar (Norway Cup). Spørs om eg hugsar tipset.