torsdag 3. september 2009

TV før og no

Heilt sidan 1986 - eg hugsar ikkje kva for VM det var - har vi hatt same type TV. Om det var den andre eller tredje studenten fekk, hugsar eg heller ikkje. Flatskjermen på 42 tommar stod i øskja medan vi var i Oslo. Den var avskrekkande stor. Heldigvis ser TV-en til å kunne få plass i kråa. Prosjektet i dag er bord og eventuelt tilkopling av DVD-spelar.
Men kva ser vi? Er det nokon som ser dette programmet no?

P.s.
Studenten var ikkje den einaste som fekk tilkøyrt kasse TV laurdag.

6 kommentarer:

Besta sa...

Då eg gikk på DH i 1985-87 var Dynastiet det store samtaleemnet når det galdt TV-program.Men eg kunne aldri tenkt meg å sjå det om att. Elles har eg heile serien Twin Peaks på vanleg video om nokon skulle vere interessert. Dvs. eg manglar dei siste 2 minutta.

solveig sa...

Seriane vert berre for gamle. Er det finanskrisa som gjer at denne og t.d. Derrick vert sende i reprise?

Besta sa...

Eg ser Derrick i reprise-somme av episodane er gode-og eg har god tid.

solveig sa...

Eg saknar tyskspråklege seriar!

Besta sa...

Akkurat, det er mykje derfor eg ser Derrick. Seriøst!!!!

Hildegard sa...

Gratulerer med nytt TV! Då vi kjøpte nytt for eit par år sidan, sa ein kopis av Besten som er TV-forhandlar, at han ikkje måtte kjøpe mindre enn 42". Eg var skeptisk første dagen, men no er eg begeistra. I sommar skifta vi ut gamlestolane våre også, så no kan vi sjå vinteren lyst i møte. Når det gjeld repriser, ser eg også ein og annan reprise med Derrick, når det ikkje er noko anna interessant å sjå, men Dynastiet er "out". Eidabesta