søndag 20. september 2009

Brødbaking

Vi har begynt med gjærbakst på skulekjøkenet. Eg har funne fram nokre bøker og lese om emnet. På skulekjøkenet driv vi med snøggbaking. Vi set bollen i varmt vatn og vi hevar over damp. Dette har med tida å gjere.

På frukost TV fredag var Morten Shakenda på besøk. De kan sjå innslaget her. Han forklarer korleis ein skal få smakfullt brød med kald deig og lite gjær. I tillegg reklamerer han sjølvsagt for boka si og bakeriet sitt. Eg meiner eg har høyrt at ein kan få kjøpt brøda hans i Volda?

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har kjøpt brød på bakeriet hans i Lom. Dei var veldig gode, men der var ein forferdelig lang kø! Om dei kan kjøpast i Volda, veit eg ikkje.

solveig sa...

Eg har stor tru på å bruke lang tid, men så var det å ha den tida då!