tysdag 15. september 2009

Rett tid


Då eg var ferdig med gymnas, fekk eg ei flott klokke i nittenårsgåve/eksamensgåve. Den hadde eg i nesten tjue år. Då hadde eg vent meg til både dato og vekedag.
---
Dei som kjenner meg, veit at eg kjem aldri for seint til ein avtale. Då nyeklokka mi begynte å svikte, og eg kom akkurat på tida, lurte venninnene på om eg kom i det heile. Og svikta meg gjorde ho heile tida. Elevane mine oppdaga det sjølvsagt, og ein av dei hadde sjølvsagt heilt rett tid som sikra dei ekstra langt friminutt eller kortare skuledag. På Osloturen var det skikkeleg irriterande å ikkje vere sikker på tida når ein skal ta ferje t.d. Kunne eg stole på bilklokka?
---
Vel heime var det berre ein ting å gjere, og det var å oppsøke urmakar. Batteriet skifta eg i juni, så eg vart ikkje overraska då det var i orden. Nei, det var noko med klokka, ja. I staden for å levere inn klokka (til høgre) for rensing og reparasjon , slo eg til og kjøpte ei ny. Ho liknar heilt på gamleklokka mi. Her har vekedagen kome på plass att og kjeda har gullpynt. I det eg forlet urmakaren let eg det falle ei bemerkning om "at berre ho ikkje begynner å gå rett igjen". Og kva skjer. Sidan har ho gått som ei klokke!
---
Eg har bestemt meg for å bli glad i den nye klokka, og sette ho på "smykkekontoen". Olaug har fått seg klokke, som eg heldigvis ikkje fekk unødvendig rensa, når gale skulle vere.

3 kommentarer:

Anlen sa...

Eg måtte nesten le då eg såg klokkene dine, så like mi!

Det er noko med å ha kontroll på tida.... Eg har av og til tenkt at eg skulle hatt ei meir jålete klokke, som kunne vore meir armband. Men dei stilige klokkene er jo nesten umoglege å tyde! Så då klarer eg meg med mi kjære, solide klokke...

Besta sa...

Gratulerer med ny klokke!
Veit, du, eg kan ikkje hugse at vi kjøpte klokke til 19-årsdagen din! Eg fekk mi første klokke til konfirmasjonen. Den kosta 250 kr, noko som var mykje pengar den gongen. Det var ei gåve frå besteforeldra i Innvik. Den hadde eg til etter at Rasmus var fødd. Det høyrest lenge ut, men det var eigentleg berre 10-11 år.

solveig sa...

Eg var svært glad for/glad i "gymnasklokka". Han de kjøpte den av, omkom i ei motorsykkelulykke mindre enn ei veke etter eg hadde fått den. Eg veit ikkje kva som er forventa levetid på ei klokke. Kanskje eg har til eg vert pensjonist?