onsdag 23. september 2009

Det vi likte minst var....


....."dissa pannekakene"! Dette har eg fått høyre på slutten av skuleåret.
---
Då denne boka kom ut, gledde vi oss over nye og spennande oppskrifter. Fylte pannekaker burde vere godt! På frukost-Tv dukka det opp eit par studentar og reklamerte for ei liknande oppskrift. Men dessverre, oppskrifta har ikkje vorte populær på skulekjøkenet. I fjor bytta vi til vanleg kjøtdeig i staden for kyllingkjøtdeig. Det vart heller ingen suksess.
---
I år gjer vi ein ny vri. I heftet "Nyttig om kjøtt" fann vi denne oppskrifta på fyll. Resten av oppskrifta endra vi ikkje på. Dagens elevar var prøvekaninar, og dei let vel. Ein kan sjølvsagt innvende at denne sausen er for lik andre sausar som vi kjem til å lage. Men gjer det noko? Å lage mat ein hugsar ikkje var god, er ikkje kjekt for verken elevar eller lærarar.

5 kommentarer:

Besta sa...

Denne tomatsausoppskrifta var no veldig enkel, så den skulle vere grei. Men kvifor ..pannekaker???
Eg hugsar at då de hadde skulekjøkken med Rolf Vatn (hugsar ikkje kven av dykk det var) var det ein ting som ikkje fall i smak:Fylte pannekaker! Eg har aldri smakt det, og har ikkje så lyst å smake heller.Men har du smakt Fullkorn-Wraps? DEI er gode. Faren din er enig.Fortalde eg at vi viste Olaug alt som fantest av grove pastaprodukt etc. på Mega. Ho sa:"Berre ikkje vis det til mamma!!!"

solveig sa...

PÅ skulekjøkenet gjeld det å ha arbeid til alle, og å ha ein høveleg progresjon. Når du har vist vaffelrøre, er det greit å halde fram med pannekaker. Det verste eg ser er elevar som et sukker med pannekake. Vi lagar grove pannekaker med fyll;-)
Grov makaroni var godt i minestreonesuppa vi laga forrige veke.

arieldog sa...

Eg kan hugse at eg fekk servert fylte pannekaker då eg var på besøk hos dykk i Bergen. Fyllet inneheldt skinke og sopp, mellom anna, og var som ein slags stuing. Eg har laga dette fleire gongar seinare og synest det er kjempegodt! Elles kan eg hugse at eg ein gong laga ein rett som bestod av fylte pannekaker i ei form med ost oppå, nesten som ein lasagne, men med samanrulla pannekaker. Då skulle ein tilsetje eit rått egg i fyllet for å få det stivare. Godt, men arbeidskrevjande.

STRIKKEMOR(O) sa...

Bjørnar har skulekjøkken i år, så han kom heim med den gule kokeboka her ein dag. Vi et som regel pannekakene med blåbærsylte, bacon og rømme (berre eg). Eg har Mat og Helse med den eine 6. klassa i år. I dag laga vi gulrotkake. Det var faktisk mange av elevane som aldrig hadde smakt det før, eller som ikkje visste at det gjekk an å lage kake med gulrøtter!! Dei blei positivt overraska...

solveig sa...

Dei som har den gule kokeboka, veit kva oppskrift det er snakk om. Arbeidskrevjande er negativt heime, men som sagt på skulekjøkenet er ledigheit rota til alt vondt....
Eg trur det var Margrete som laga ulike fyll i pannekakene. Eg trur ho snakka til og med om fiskebollar?
På valfaggrupper med 10. har vi laga fylte pannekaker med ostesaus på toppen. Minst like godt som lasagne, spør du meg.
Gulrotkake høyrest nok fælt ut første gongen?
Forrige veke laga vi surmjølkslappar til dessert. Mange sure fjes av ordet surmjølk før dei forstod at det var snakk om småsveler.