onsdag 9. september 2009

Surdeig: Dag 5: Korleis skal det gjærast?

I dag skulle vere den store bakedagen. Surdeigen har vore i kjøleskåpet, men står det til liv? Etter nesten fem timar er deigen ikkje i sving. Eg vurderte om eg skulle la han stå over natta, men tok heller og rørte inn ein halv pakke gjær fot å sikre gjæring.
Kva skal eg seie? Vanskegrad: Vanskeleg tok eg som ei utfordring. Dag 2 var det skikkeleg liv i deigen med fare for overbobling. Skulle eg då ha tatt dag 3 om kvelden?
Det er berre ein ting som ergrar meg, og det er at eg brukte feil mjøltype i starten. Dermed kan eg ikkje legge noko av skulda over på brodogkorn.no.


Gårsdagens brød av kastedeig heva nok litt for kort før det kom i omnen. Det var eit ekte latmannsbrød. Eg heiv deigen rett på plata og forma det der. Men godt vart det, og oppete er det.

Om eg gjev meg i kast med surdeig att, får tida vise. Kanskje eg heller satsar på det dei kallar poolish, dvs at ein lagar ein laus deig med litt gjær deigen før ein bakar.

3 kommentarer:

Elin sa...

Gledar meg til å lære poolish! Denne surdeiga må ein vere uthaldande for å orke, trur ikkje eg prøver det. Veit du forresten kor det er blitt av Herman, den vandrekaka du kanskje hugsar? Eg har spora ho opp i Danmark, men det er no måte på...

solveig sa...

Viss det var den same som var her, så var der vel alle ingrediensane som er i ei kake.... med det du hadde i sjølv?

Besta sa...

Slikt tolmodigheitsarbeid høver ikkje for meg, så det må heller bli poolish.
Synest ikkje det blir særlig smak på brøda som eg lagar same kva eg har i dei.