onsdag 16. september 2009

Lærarane del 4

Eg ser at programserien er godt lagt opp med ulike problemstillingar kvar gong. I del 4 tek dei mellom anna opp dette:

Nasjonale prøver
Desse bør fungere som kartleggingsprøver for den enkelte elev slik at han/ho kan få tilpassa undervisning. På klassenivå kan ein sjå kvar ein skal sette inn tiltak. Her har ein til dømes hatt fokus på lesing. Eg ser inga hensikt i å henge ut skular og klasser. Nokre skular har vore så lure at dei har lete dei svakaste sleppe unna statistikken.

Ekstraressursar
Dette har det nok blitt mindre av i norsk skule. Før hadde ein ekstraressursar til dømes til å dele store klasser i enkelte fag. No er det stort sett enkeltelevar som får ressursar. Det var synd i den vesle, umodne guten med konsentrasjonsvanskar. Når mor ikkje snakkar godt norsk, er det viktig at han får støtte på skulen.

Det vart antyda at guten såg for mykje på TV og fekk for mange fantasiar derifrå. Alt for mange born sit for mykje framfor TV- og dataskjermar. Ungdomsskuleelvar har gjerne både TV og laptop på rommet. Hadde ein sjekka kor mange som er på MSN og liknande kl 2 om natta, er eg redd ein hadde fått ein skummel statistikk.

Papirarbeid
Det skal settast mål, og det skal evaluerast. Som lærar lurer ein ofte på kor vidt foreldre følgjer med på årsplanar og vekeplanar for dei eldste. Men mulegheita skal dei ha. Eg meiner dei kan leggast ut på nettet (PedIt her). Kopiar vert helst stua vekk, og om ein skulle kome på å følgje med, er dei i papirinnsamlinga for lengst. Det som ligg på nettet, kan ein finne når ein ønskjer det. Kven har ikkje fått flotte planar t.d. frå barnehagen, sett litt på den og sett at her har pedagogane arbeidd. Flotte greier! Vedkassa neste... Eg er i alle fall av den type forelder som stolar på førskulelærarar og lærarar.

Bråkeklassa
Her går det som spådd framover. Dei har fått nytt klasserom, og foreldra engsjerer seg positivt.

Elles så går alt sin gang ved skulen. Litt knuffing og krangling er heilt normalt, kvar dag.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg kjenner igjen det meste sjølv om eg har vore pensjo i 7 år.Plan-og papirarbeid, skjema etc. berre aukar og aukar.Kva tid skal ein førebu undervisninga? Eg sette rektoren vår til veggs, og beviste at med alt arbeidet elles vart det 10 timar att til førebuing pr. veke. Det er ikkje nok.

arieldog sa...

Eg syntest det var flott at dei viste litt av skjemagalskapen i skulen. Det arbeidstidsskjemaet, til dømes, har ingenting å gjere med å utføre ein god jobb.

solveig sa...

Berre vent, evalueringsskjema er i kjømda! Er skjmaene anonyme, bruker eg å krysse alle i midten dei siste sidene for å markere at eg er lei. Ein del undersøkingar har slik kryssjekking at ein får fnatt som vi sa i gamle dagar.