torsdag 24. september 2009

Lærarane del 5

I dag har eg sett 5. del i serien i opptak. Og som vanleg har eg gjort meg nokre tankar.

Konsekvent?
Den unge læraren seier det rett ut; han likar ikkje å vere streng. Men no har dei laga eit system der kvar elev får med seg anten smilefjes eller merknad heim att. Ein gut fortel at han skal få belønning heime den dagen han får 20 slike smilefjes. Dessverre for han, fell han for freistinga til å kaste papirfly i timen. Denne situasjonen er ikkje på film. På slutten av dagen deler læraren ut arka. Guten får raserianfall fordi han ikkje får smilefjes.

Kva gjer ein lærar? Går etter han som er rasande, viss det ikkje er fare for at han skadar andre? Kva prioriterer læraren? Å ha eit godt forhold til eleven? I alle fall går han for å leite fram eit smilefjes. For oss som ser det heile utanfrå, er det vanskeleg å seie om læraren gjer det rette. Slike rasande elevar bør kanskje kjøle seg ned før dei, får ein håpe, innser at kasting av papirfly ikkje er smilefjesåtferd? Dei som skal oppsede born, anten det er foreldre eller lærarar, kan ikkje gå rundt å vere "populære" heile tida.

Juleavslutning i 1.klasse
Det er rørande å sjå kor fint førsteklassingane stiller opp og syng. Ei stakkars lita jente kjem åleine. Eg synest det er rart at foreldra sender henne åleine. Dei kan ikkje ha forstått kva som skjer.

Fine kort
Slike koselege kort har eg og liggande i ei skuffe frå den tida eg var lærar i barneskulen. Ho seier ho får ta dei fram ein dag ho treng dei. Eg forstår kva ho meiner.

Å ta på sparket
Kvar er lerretet? Er det ikkje verdkart i dette klasserommet? Kjem vi oss ikkje på nettet no? Slike ting lyt ein, som den unge kvinnlege læraren seier, ta på strak arm og finne løysingar

I tillegg til å ta opp nye tema, går livet sin vante gang. Det er vanskeleg å finne kvalifiserte vikarar t. d. Det vert halde foreldremøte. Ein far er negativ til meirarbeid for foreldra. Han vil ikkje ha nye ordningar. Dei har innført eit datasystem som gjer det lett å sende meldingar heim. Eg trur kanskje han snakkar for andre enn seg sjølv.

6 kommentarer:

Besta sa...

Her er mykje ein kan diskutere.Det smilefjes-opplegget var dømt til å mislykkast.Mange gonger finn ein slike "lure" løysingar, som viser seg å vere umulig å gjennomføre i praksis. Eg har erfaring!!!!Men det er vondt å sjå ein elev som går heim så sint og fortvila når skuledagen er slutt. Foreldra burde heller ikkje ha lova han pengar, etter mitt syn.Førsteklassingane er kjempesøte når dei står slik og syng, men det er ein lang veg dit!!!!(Den har vi ikkje sett).Når det gjeld å kunne ta ting på sparket...ein bør ha ein plan B! Ein gong då lyset gikk på Velle, gikk eg for å hente lysbildeapparatet sidan det passa så fint å sjå lysbilde i mørkret. Slå den!
Kor stort ansvar ein skal legge på foreldra er eit spørmål som ikkje har noko eintydig svar.Det er mange slags foreldre og ikkje alle er "pedagogar".

solveig sa...

Det smilefjesopplegget var altfor krevjande for læraren. I utgangspunktet bør fin åtferd vere normalt. Ein bør oppleve at det løner seg eigentleg å vere grei. Då vert det triveleg, og ein lærer meir.Det finst folk som vert rasande. Og då er det liten vits å snakke dei til fornuft. Eg trur eg ville ha snakka med han dagen etter og få han til å sette ord på alt då. Men vi fekk nok ikkje sjå alt på TV.

arieldog sa...

Eg er einig med deg i dei tankane du gjer deg. Det var kanskje litt voldsomt å krevje ein heil dag med eksemplarisk oppførsel for å få eit smilefjes, men læraren burde ikkje ha gitt seg. Dei korta var søte, og det hender at ein får slike tilbakemeldingar nokre år etter ein er "ferdige" med eit kull. Det varmar.

solveig sa...

Det er lite av det i ungdomsskulen.... Du må meir tolke dei positive tilbakemeldingane, for dei er det trass alt flest av.
Eg er stirrig og gir meg sjeldan når eg har bestemt noko, men ein må velge sine slag. Derfor må alle eventualitetar diskuterast på førehand, før ein set i gang!

arieldog sa...

Eg plar av og til (sjølvsagt altfor sjeldan) stoppe opp og tenkje: kva lærte dei no? Det gjeld både privat og på jobb. Lærer eit barn at det er ok å "skrike seg til" eit smilefjes, eller at læraren trass alt hadde forståing for situasjonen og gav han ein sjanse? Innanfor pedagogikken finst det få absolutte sanningar.

solveig sa...

Heilt einig, og læraren kjenner guten. Og enkelte elevar har lett for å kome borti noko heile tida meir eller mindre uforskylt. Kven som bretta det flyet, har og noko å seie..... Men det var tydeleg at han følte seg urettferdig behandla. Igjen er det nokon som er ekspertar på det. Nore er ikkje vane med å bli snakka til/stoppa. Ingen fasit her....