måndag 7. september 2009

Surdeig: Dag 3

Eg følgjer oppskrifta slavisk. I dag vil eg karakterisere surdeigen som ei salt sørpe nokre timar etter at eg har tilsett meir mjøl, vatn og for første gong salt. Eg har gått opp eit hakk i storleik på bollen.
Sidan eg berre skulle bruke 100 g av surdeigen, let eg resten gå i brøddeigen. Eg brukte 1/2 pakke gjær. Hadde det ikkje vore for at klokka nærma seg seks, så hadde eg nok brukt berre 1/4. På den måten får gjærdeig og surdeig samarbeide.

Kanskje biprodukta vert det beste med heile surdeigsatsinga?


4 kommentarer:

Anlen sa...

Surdeig har eg aldri hatt tolmod til å prøve... Eller kanskje det er tida det er mangel på? No er det i alle fall tid for foreldremøte i alle slags variantar, så då veit vi kva vi har å gjere ei stund framover:)

solveig sa...

Vi har to dagar til fem på rad...
I går kveld begynte eg plutseleg å kjenne meg betre, som om sevja steig i kroppen. Godt å få att energien som ein tren slike tider!
Vi får sjå kor det går med surdeigen. Skulle nokon ville ha av kastedeigen....

Milena sa...

Den einaste surdeiga eg laga nå er for chiabatta brødet,ingen kastedeig... :-)

solveig sa...

Eg studerte den oppskrifta søndag. Eg var så slapp at det einaste eg orka var å sjå i bøker og sjå på TV. Arbeidslysta var mykje større enn arbeidsevna.
Kanskje chiabatta frå boka eg kjøpte i fjor, vert det neste.