fredag 4. september 2009

Bok 54: Historier frå Tsjetsjenia


Som eg før har skrive, les eg det eg kjem over av denne forfattaren. Bøkene kjem under kategorien "lærerike". Denne gongen tek ho oss med til Tsjetsjenia og Russland. Personar frå begge sider av konflikten får kome til orde i boka.
---
Eg visste ikkje at Åsne S. starta karrieren sin i Russland. Ho snakkar språket, noko som sjølvsagt er ein stor fordel.
---
Som i dei andre bøkene hennar, forklarer ho og fortel slik at det er godt å forstå for vanlege folk. Ho les sjølv slik at ein føler det vert hennar historie. Boka inneheld mange skjebnar. Ho er interessant og lettlesen. Les denne bokmeldinga og les boka!

5 kommentarer:

Besta sa...

Denne vil eg gjerne lese.Gløymde å gi deg I-poden min, slik at du kunne legge inn etter kvart. Men du hamstrar vel?

solveig sa...

:-)

Elin sa...

Det er vel forfattaren sjølv som les denne? Eg har ikkje lese noko av Åsne til denne tid. Det var så mykje oppstyr kring Kabul-boka at eg ga meg på den.

solveig sa...

Eg likte godt Bokhandleren i Kabul, og eg beundrar den tøffe dama. Ho ser så søt ut, og det kan hende hjelper henne. Men skinnet kan bedra, ho er også modig.

Besta sa...

Åsne S. er ei fabelaktig dame. Eg har lese Bokhandleren og 101 dager, eller kva den no heitte. Ho skriv både lett og underhaldande, på samme tid som det er lærerikt ! Anbefales!