tysdag 8. september 2009

Film: Menn som hater kvinner

No når vi har fått oss større skjerm, satsa vi på å få litt kinokjensle med denne filmen. Det er ei stund sidan eg las boka, så ein del detaljar var gløymde, men dei store linjene og løysinga hadde eg på plass.

Dei to som spelte hovudrollene glei rett inn i mitt bilde av dei frå boka. Høgda hennar som skulle vere 1,57, gløymer ein fort. Det var flott at dei hadde funne ei som vi ikkje hadde sett i ørten roller før. Det er meir enn ein kan seie om birollene. Men det er vel litt av svakheita med nordisk film.

Eg vart ikkje skuffa over filmen!

I tiande held vi på å lese "Gutten med den stripete pysjamas". Etterpå skal vi sjå filmen. Eg seier at ein alltid må lese boka før ein ser filmen, noko dei ikkje kjøper med ein gong. Eg tok denne boka og filmen som døme. Ein bør få sine eigne indre bilde først, meiner eg. No vil dei sjølvsagt sjå "Menn som hater kvinner". " Det kjem ikkje på tale," seier eg, "den er så valdeleg at den sikkert har 18-års grense!" (Eg sa ikkje: Ikkje i mine timar! Eg beit meg i tunga før det glapp ut.) "Men eigentleg var valden verre i boka." No veit eg ikkje om alle er samde i det, men eg meiner det kan vere verre å lese alle detaljar enn å sjå dei på film. Det er ikkje alt som kan filmast. Elevane meinte å vite at filmen har 15-årsgrense. Uansett er det ingen film eg ville vore komfortabel med å sjå saman med elevar.

De kan lese meir om filmen på VG.

Eit lite utdrag:
La det være sagt: «Menn som hater kvinner» er ikke for sarte sjeler. Det er rått, rett og slett. Den seksualiserte volden er rendyrket, utstudert, avslørende og frysende realistisk.

Eg reknar med at dei som har lese boka berre sjå filmen!

5 kommentarer:

arieldog sa...

Ja, denne står på lista "må sjå"!

Besta sa...

Eg er ikkje sikker. I motsetning til "alle" andre, så er eg ikkje så begeistra for bøkene til Stieg Larsson. Men den første var i alle fall best.Eg er inga sart sjel, men overdriven vald likar eg rett og slett ikkje.Det er nok vald i verda om vi ikkje skal ha den på film også.

solveig sa...

Eg låner vekk!

Elin sa...

Eg hadde ikkje store forventingar til denne filmen, og blei gledeleg overraska, eg tykte han var kjempegod! Einaste dumme var at eg fekk litt avsmak for tv-helten min Beck...Når det gjeld bøkene, så likte eg også nr. 1 best, dei andre blei meir eller mindre skumlesne.

solveig sa...

Det er det eg meiner med birollene. Nokre skodespelarar er oppbrukte.