torsdag 3. september 2009

Finn fem feil

..... eller kanskje berre tre.
Det er ei ærleg sak å ikkje kunne rettskriving. Eg er ikkje ute etter å henge ut folk. Men ein skulle tru at eit skilt gjekk gjennom så mange ledd at det skjedde ei eller anna kvalitetssikring.

Fasit:
1. Her manglar bindestrek.
2. Garasje er hannkjønnsord.
3. Det skal vere liten bokstav i garasje.

Strengt tatt kan ein vel kalle garasjen sin det ein vil?

4 kommentarer:

Besta sa...

Eg la også merke til dette skiltet(grøss og gru) då vi var i Ulsteinvik. At det går an!!!!

Besta sa...

PS: Send innlegget til Regionsavisa.

Elin sa...

Eg trur det er laga slik med overlegg, for graverande til å vere tilfeldig...

solveig sa...

Tja, sei ikkje det.....
Det kan også ha med om ein vil lytte til råd. Garasja er hokjønn i dialekten her, så garasjar på Hareid er og merka med "garasja".