søndag 13. september 2009

NÅ!

De har sett reklamen, den med kor tungvint det er å lage heimelaga vaffelrøre. Sidan "Nå" kom, har eg, etter å ha vist elevane vanleg vaffelrørelaging, laga ei ekstra vaffelrøre med stavmiksar. Alle er då einige i at det er kjempelett. Arbeidet er å leite fram det ein treng. Nokre er skeptiske til havregryna, men etter å ha smakt vaflane, er alle eininge om at dei var gode.

Studenten fekk det gamle vaffeljernet mitt. Han har også fått ein stavmiksar som eg vann. Så eg har lova å legge ut oppskrift til han. Han får vurdere sjølv om han vil ha i salt og vaniljesukker. Det kan sløyfast, meiner eg. Oppskrifta er tatt frå "Kokebok for alle. Frå bollar til burritos."

3 dl mjølk
1 1/2 dl havregryn

1 dl kveitemjøl
2 ms sukker
1 ts bakepulver
(1 ts vaniljesukker/kardemomme)
(1 krm salt)
2 egg
2 ms flytande/smelta margarin

Framgangsmåte: Hå alt i miksarbollen og køyr stavmiksaren nokre sekund til det er blitt ei røre. Vent i ca 20 minutt før du steiker vaflane.

Enklare kan det ikkje gjerast!

P.s.
Eg har sett på ei panne fårikål, og no skal eg gå meg ein tur.

7 kommentarer:

arieldog sa...

Når ein smeltar margarin, er det vel nok salt i den? Eg plar sjeldan ha sukker i røra, men ofte ein rest vaniljesaus eller krem som er sukker i. "Nå" har eg ikkje prøvd, men elles bruker vi halvfabrikata innimellom :)

Besta sa...

Halvfabrikata har eg ikkje ein gong vurdert, SÅ enkelt er det å lage vaffelrøre sjølv.Eg har ei skuffe i kjøleskapfrysaren der eg tek vare på restar av kremfløte,vanilesaus/-krem etc. som eg puttar i vaffelrøra, elles så lagar eg vaflar ut frå prisippet"man tager hvad man haver". Men eit prinsipp vik eg aldri ifrå:Alltid ca halvparten av melka skal vere surmelk!Havregryn har eg også som oftast i røra.

Elin sa...

Eg veit ikkje kva NÅ er for noko, men no har eg i alle fall laga røre etter Solveig-metoden, så får vi sjå.

solveig sa...

NÅ er ferdig røre i eit beger som er som eit stort smørbeger. Den kostar 35 kr her. Studenten fekk nokre posar vaffelmiks som eg hadde kjøpt til 10 kr posen....

arieldog sa...

Vaffelmiks er fint på camping.

Elin sa...

Desse vaflene smakte utmerket, og der er ikkje mykje e-stoff og anna uhumskheter! Litt trått å steike dei første, trur nok at havregrynet har skulda for det, eller kva trur du?

solveig sa...

Steikinga har gått heilt fint på skulen. Oppskrifta i den gamle boka var håplaus for vaffeljerna. Sjølv har eg eit nytt, godt som kringkasta tidlegare...
Havregryna gjer vaflane grovare ein kneip...