søndag 13. september 2009

Årets første fårikål

Eg var lite inspirert då eg handla inn til helga i går. Det einaste eg kom på av middagsmat, var å trive med meg noko frose lammekjøt på tilbod. I dag laga eg den enklaste retten, nemleg fårikål. Eg kokar den slik eg liker den.
I ei stor panne med teflonbelegg, 10 liter trur eg ho er, hadde eg:

3 1/2 kg lammekjøt (viste det seg)
1 liter vatn
2 middels store kålhovud
2 ms salt
rikeleg med heil pepar

Framgangsmåte: Legg lagvis og lat retten koke minst to timar.

Eg er ikkje av dei som liker fårikålen best oppvarma. Derimot vil eg gjerne ha kål som ikkje har kokt ut i kålen. Så eg ventar cirka ein time med å legge på siste kålhovudet. Etter eit par timar set eg på poteter og heller jamning over fårikålen. Dette gjev ein tynn saus.

Jamning:
3-4 dl vatn
1 dl kveitemjøl

Rist jamninga i eit glas og hell over.

Fårikålens venner har lagt ut oppskrift der du kan endre oppskrifta til så mange porsjonar du vil lage.

P.s.
Viss det vert noko att til i morgon, takkar eg sjølvsagt ikkje nei til oppattvarma fårikål etter jobb i morgon!

4 kommentarer:

Besta sa...

Du lagar fårikålen om lag slik som mor di.Ikkje verdens mest spennande rett akkurat, men godt eit par gonger for året. For å få litt meir smak har vi eksperimentert med å salte kjøtet ei stund før koking;no ser eg at Gunda brunar det litt. Det viktigaste er å ha godt kjøt, og det bør vere både magre og feite stykke. Det er i feittet smaken sit, så EIN gong for året......

solveig sa...

Eg har planar om å salte noko kjøt og lage det dei i Bergen kalte puspas eller noko liknande eller Irish stew? Dette for å få bruke andre grønsaker.

Anlen sa...

Eg hadde også fårikål i dag! Men eg vil gjerne ha kålen i panna heile tida. Snakk om feite saker, forresten, eg tok vekk knapt 4 dl med feitt på toppen av krafta før servering.... Det var feitt nok igjen likevel;)

solveig sa...

Eg ser i all fall ingen grunn til å ha smør i panna slik som står i gamle oppskrifter. Det har kanskje noko med gamle panner å gjere.