onsdag 2. september 2009

Studentliv før og no

For 23 år sidan budde eg på studentheimhybel. Kva har endra seg sidan 1986? Storleiken er omtrent den same. Jusstudenten deler kjøken med 4 andre, men har eige bad. Eg budde på dublett der to og to delte kjøken og bad. Badet på Anker var flott. Vi hadde både do og dusj i 1986 og. Konklusjonen må bli at bustadstandaren på hyblar har ikkje endra seg så mykje.

Kva med ting og tang elles? TV-en han arva, var omtrent lik den vi hadde. Men mange studentar den tida hadde gamle svart/kvitt-TV. Og vi hadde sjølvsagt berre ein kanal.

Den store skilnaden må vere internett. No kan du til og med reservere vaskemaskin via nettet, sjølvsagt.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det er i alle fall stor skilnad på slik vi hadde det i Volda kring 1960.Vi måtte hente vatn(kaldt) i kjellaren eller på gangen.Vaska oss i plastvaskefat.Toalett delte vi med vertsfolket, og det låg i kjellaren. Vi hadde ei kokeplate på rommet, og oppvasken måtte vi ta på rommet eller i kjellaren i ein plastbalje. Vatnet måtte vi varme på kokeplata.Heldigvis fekk vi kjøpt billeg middag på skulen og på div.kafear, så vi slapp å lage så mykje mat sjølve. Ikkje lønte det seg heller.

solveig sa...

Ja, vi snakka om at det var nok mellom dei to generasjonane at det skjedde noko, kanskje det var på 70-talet då dei bygde nye studentheimar?

Besta sa...

Men det var ein fordel i mi tid. Vi kunne ete middag på kafé kvar dag utan at det kosta oss så mykje.Dermed fekk vi skikkelig og variert mat, og slapp å bruke tida på matlaging.

Alt godt sa...

Far min fortel at dei åt middag på kaféen i Ulsteinvik då han gjekk på realskulen, og då fekk dei maten servert på fat, slik at dei kunne ta så mykje dei ville. Perfekt for hækne sekstenåringar.

Ein dag fekk dei karbonader, men bortafor dei på eit bord sat ein handelsreisande, og han fekk fårikål. Dette ville gutane og gjerne ha, men dama i kaféen sa at det fekk dei berre viss dei klarte å ete opp karbonadefatet. Dei var tre gutar, og reiv i seg tjue karbonader, før dei fekk sin porsjon med fårikål...