laurdag 12. september 2009

Rognebægele med eple

Øystein plukka nesten 2 kg rognebær. Desse har lagt i frysaren ei veke. Eitt døgn er sjølvsagt nok, men rognebær må ha hatt ei frostnatt anten ute eller inne. Rognebæra kokte eg saman med nesten 1 kg elpe og 6 dl vatn. Ein ser at det er nok kokt når bæra er slappe og fargelause.
Så er det tid for siling. Eg fann ikkje sileduken, så eg tok eit lefseplagg og nokre strikk. Eg kom på nokre bilde frå "gamle dagar" då ein snudde ein krakk opp ned og sette ei bøtte under. Silekledet var då knytt til stolbeina. NB! Ein må aldri falle for freistinga å vri kledet med bæra i. Her lyt ting ta den tida som trengst.
Denne metoden for å få reinast muleg glas, lærer eg vekk på skulen. Glasa og loka får stå på 125 grader i minst 20 minutt.

Det er praktisk med litermål i pannene. Eg fekk 1 l saft.

Eg trur nok geleen ville ha vorte stiv med vanleg sukker. Men rognebæra var godt modne, og eg har ikkje prøvd med eple før, så eg brukte syltesukker.

Alt grums må vekk! Safta bør koke minst 10 minutt.

Så helte eg safta på små glas. Pass på at all reiskap er "kokt". Trekta rullar eg rundt i vatnet i steikeomnen t.d. Flott farge!


P.s.
Eg har lova ein blogglesar oppskrifta på rein rognebærgele. Den ligg nok att på jobb, så det får bli over helga. Skal ein finne rognebær no, må ein nok opp i høgda.



4 kommentarer:

Besta sa...

Siste gongen eg laga rognebærgelé var i 2002. Då fann vi nokre utruleg fine,nesten heilt raude rognebær på Bremangerlandet.Brukte berre rognebær, ikkje eple. Eg må innrømme at vi ikkje er storforbrukarar, for der er att noko enno.Eg kokar aldri glas eller varmar dei i steikomnen, men det skjer aldri at noko myglar. Forrige sundag såg eg så utruleg mykje flotte rognebær, men som alle veit heng dei høgt. Epla derimot ligg på bakken for det meste.

Elin sa...

Nam, skal du ikkje snart ha ein give away??

solveig sa...

;-) Ein treng ikkje så mange glas i året, nei.

solveig sa...

Det er lenge imellom kvar gong eg kokar glas. På skulen viser eg det, men seier til elevane at sidan dei skal ete sylta med det første, er det nok at glasa er reine. Dei får velge sjølve.
No valde eg å gjere det "etter alle kunstens reglar" i tilfelle der er lesarar som trur ting er vanskeleg.