torsdag 10. september 2009

Lærarane del 3

Det halvtimes lange programmet måtte fordøyast før eg kunne sette ord på tankane. Eg har vore lærar i barneskulen, og det er ikkje fritt for at ein kjenner att problemstillingane.

Geburtsdagar
Viss elevane har krangla eller slåst, kan du berre gløyme å undervise før konflikten er løyst. Geburtsdagar (bokmålsord) er ein kime til konflikt. Eg har ringt foreldre, og veit kva ho snakkar om. Foreldre sender kanskje med borna lappar til alle i klassen. På vegen fram til mottakarane skjer det noko. Det kan vere "ein eller annan" som fin på at "ein eller annan" ikkje skal få kome. Lappar vert vekke. Den som ikkje vert invitert vert sjølvsagt skikkeleg såra. Her vil eg råde foreldre til å ikkje adoptere "fornærmelsen" og halde ungen heime frå heile selskapet. Foreldra til geburtsdagsbarnet er sikkert like lei seg. Det er ein kinkig situasjon. Læraren får jobben med å nøste opp alle trådane. Forhåpentlegvis vert det ein kjekk geburtsdag med alle til stades. Desse jentene såg ut til å vere på veg til å ordne opp sjølve. Inviterer ein ikkje alle, bør ikkje lappane delast ut på skulen. Det bør vere ein grei regel.

Jentemobbing
Dette er eit sårt og vanskeleg tema. Eg trur foreldra oftare oppdagar det enn lærarane. Jentene vert nedbrotne og synest det er flaut å seie frå. Mobbarane er utspekulerte og vondskapsfulle og så fine opp i fjeset at ein vil ikkje tru det om dei.

Rampeklassa
Kvar tek dei ungane frå? Er det iscenesett for å vise korleis ein kan snu ei klasse? Stakkars vikarlærar. Ho spelar ut alle korta. Kvifor snakkar ho i munnen på dei? Korleis hadde det verka om ho sette seg på kateteret og såg på dei utan å seie noko? Hm. Det er lett å gje råd når ein ser det utanfrå.

Den profesjonelle
Førsteklassingan er skjønne. Dei seier fine ting til kvarandre. Her er ein lærar som driv med fag og klassemiljø. Ho bygger opp ungane og klassa på ein flott måte.

Det vert interessant å følgje serien vidare.

4 kommentarer:

Besta sa...

Det med å seie fine ting til kvarandre prøvde eg ut i 5.klasse. Det er ei av øvingane i"Steg for steg". Det funka i mi klasse; også det å takke for rosen.
Førsteklassingane ER skjønne, men det krevst veldig mykje av læraren for å få dei så veldisiplinerte som desse er.RAMPRKLASSA spelar, men dei spelar veldig truverdig!

arieldog sa...

Eg likte førre episode betre, men også denne gongen var det mykje interessant å sjå. Sjølv er eg glad ungane mine går på ein liten skule med lite bråk, og eg meiner mange problem i skulen kunne ha vore unngått dersom ein hadde færre elevar i kvar klasse.

Besta sa...

Det med færre elevar i klassen har eg brent for heile mitt liv. Har nemlig prøvd det, og veit at då vert alt enklare.Det er betre med små grupper enn to lærar i store grupper.
Men det ser ut som om alt anna skal prøvast før dette vert innført.

solveig sa...

Det var vel helst det motsette som skulle prøvast. Dei åra vi har hatt nokre og åtti elevar, har vi av og til fått til fire klasser i staden for tre. Det er kjempeskilnad på 20 og 28! Audun sitt kull hadde 20-22 i åttande, men dei vart slått saman til 28 i 9. og 10.
Vi får håpe at serien opnar augene til foreldre og politikarar.
Dei klassene eg har i år er på 25.