torsdag 12. juni 2008

Heimedag

Elevane mine har hatt heimedag i dag medan 10. har hatt munnleg eksamen. Vanlegvis er vi på skuletur, men den gjorde dei unna forrige veke i fineveret, heldigvis. Eg hjelpte til under eksamenen. No er eg spent på om alle har gjort det dei skal, og om klassestyrarane får inn rapportane. Det var dei som bestemte at det skulle vere heimedag.

Oppgåva elevane fekk var tredelt:
1. Lage middag.
2. Gjærbakst.
3. Vekereingjering av kjøken.

Eg trur det har vore mykje positiv aktivitet rundt om i heimane!

4 kommentarer:

arieldog sa...

Viss du les bloggen min, finndu i alle fall ei nøgd mor! Oppgåvene dei fekk her var å lage middag, bake og lage dessert. Nummer 1 slo saman baking og dessert då ho laga brownies - eg sette enda meir pris på vaskinga av så og seie heile 1. og 2. etasje...

Besta sa...

Ja, trur I. var litt sliten av å vere husmor ein heil dag. Eg "trøsta" henne med at det vert lettare etter kvart ein får rutine.Eller blir det det?

arieldog sa...

Ein set i alle fall meir pris på å sleppe...

solveig sa...

Eg brukar å alltid å spørre elevane "Kva har du lært i dag". For å sitere ein på heimedagsrapporten:Det er ikkje bære bære å vere husmor!"!