fredag 6. juni 2008

Kanskje blir det vannkrig....

Anders hadde dei kjekkaste gebursdagane for 10-15 år sidan. Han vert vel 21 år i desse dagar. Nederst på invitasjonane stod det alltid "Kanskje det blir vannkrig". Heime sat to småbrødre og var misunnelege. For nokre år sidan fekk Håkon ein slik invitasjon frå Vebjørn i klassa. Han sukka, endeleg får eg kome i ein sånn geburtsdag!

Olaug laga invitasjonar for ei veke sidan. Vi synest det var optimistisk å skrive "Ta med bikini". Men det vart ståande. Her er det 26 grader, og eg trur det kjem til å bli større behov for drikke enn mat. Vi har kjøpt iste og laga isbitar i tillegg til store mengder brus.

Det står att å sjå om det vert vasskrig!

3 kommentarer:

Besta sa...

Minner meg om skuletur med 7. klasse for seks år sidan. Vi overnatta på Krøvelseidet og det var slikt ver som no. Heile våren hadde dei masa om vannkrig, og trudde at eg ville feige ut, men no vart det.Den nykjøpte vannpistolen min vart for pinglete, så vi tok i bruk flasker, bøtter og spann.Det var herlig å kunne "drukne" rampungane etter 6 år, og sikkert like kjekt for dei å få ta igjen. Heilt til nokon hadde tatt varmevatn frå springen! Så pass på!!!!

arieldog sa...

Gratulerer med dagen! I selskapet til A forrige torsdag gjekk det med uhorvelege mengder brus. Vi hadde heldigvis restar frå konfirmasjonen ståande, for vi hadde ikkje beregna at dei små ungane skulle drikke nesten ein liter i snitt! Men det er kjekt med uteselskap - vi har tre som har kunna ha det, og eg hugsar mine eigne selskap frå barndomen!

solveig sa...

Her vart iste mest populært. Eg kjøpte det i pulverform. Korga var allereie full for å seie det sånn. Og så hadde eg frose masse isbitar. Forfriskande!
Jentene sat ein time med bordet og åt, prata og leika kviskreleiken innimellom. Med 8 er alle med i same samtalen og leiken.