onsdag 4. juni 2008

Lettlesen bok

Kva er det med denne karen? Kva vil han med denne boka? Hemne seg over "Norges komikerdronning". Han gjer henne sjuk, uberegneleg, uappetitleg, men også tiltrekkande. Ligg det eit hemnmotiv bak? Han vart no dregen fram kvar einaste fredag i ein periode! Kven hemna kven?

Romanen er variabel. Du kan sitte og kose deg og humre i eit øyeblikk før den i neste kaittel vert uappetitleg eller "intetsigande". Eg likte starten på boka best.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg greier ikkje å lese tittelen på boka når bildet er så lite. Men eg forstår kven det handlar om og eg kan ikkje seie at det fristar å lese den. Men kven veit-ikkje alltid like mykje å velje mellom. I morgon skal eg på biblio igjen, sist stod eg som nr.2 på ventelista til Stieg Larsson si siste bok.Kanskje eg har avansert?

solveig sa...

Det er Entusiasme og raseri til 29 kr. No har eg lese omtrent alt som er på biblioteket. Eg har begynt på ei krimbok, men slit med nye namn.

Besta sa...

Eg har skrive til Lydbokforlage og bede dei om å lage "rollelister" til lydbøkene.Men dei høyrer ikkje på meg. Var borte i ei slik ein gong, spansk krim med mange "vanskelige" namn, og det funka heilt fint.Kom i skade for å slette kommentaren din på min blogg då eg skulle slette ein uvedkommande kommentar.Men eg las den!