søndag 1. juni 2008

Fleire hagegleder

Honningknoppurt må som namnet seier, innehalde honning!
Kvit valmuesøster. Både denne og den blå skal plantast om i betre jord i år etter blomstring.
Løytnanshjerte.
Peonen. Denne har de sett før. Eg ventar i spaning!
I dag var det heller kjølig på Høddvoll. Regnskyllane i går kveld hadde ikkje fare pent med rododendronane. Bakken er full av små einslege, men den har fleire knuppar, så vi får sjå.

8 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Fine blomar! Du kan namna på dei og, eg er nesten heilt blank når det gjeld slikt. Synd men sant!

Besta sa...

Har du fått den kvite valmuesøstera med meg? Eg skulle nemleg kjøpe ei blå ein gong, men kom heim med ei kvit. Sidan, og det er mange år, har eg gått rundt og ønska meg ei blå. Dette er eit hint for å gjere det HEILT klart. Viss du deler di altså.

solveig sa...

Eg skal dele begge to. Dei har det for skrint. Mi venninne M skal få halve den kvite, så kan du få halve den blå!

Besta sa...

EG SEIER TAKK FOR DET. KAN NO GODT KJØPE MEG EI SJØLV, MEN EG SYNEST STAUDENE ER STERKT OVERPRISA I PLANTESENTERA. DU KAN FÅ AV MINE I STADEN-EG HAR SIKKERT NOKO DU IKKJE HAR!

arieldog sa...

Honningknoppurt har ikkje eg. Eg har sett ein i Storgata, men eg vil ikkje bli observert som staudetjuv på veg heim frå jobb... Dette er også eit hint.

solveig sa...

Honningknoppurt veks vilt her. Den skal eg røske vekk i store mengder! Mamma skal få kvit valmuesøster. Stauder bør delast og omplantast!

Besta sa...

Det var BLÅ eg ville ha!

solveig sa...

Ja! Det er M som skal få kvit. Eg veit det. I dag har eg hatt ein dag eg har rota med namn. Noko som skjer etter 40 har eg lese.