laurdag 31. mai 2008

Fra asken til ilden?


Eine bokhandelen i Ulsteinvik hadde avertert Tina si bok på sal. Det er ei bok med bilde og forteljingar i tillegg til oppskrifter. Sikkert verd sine 89 kr. Eg gler meg til å lese henne.

Elles låg der ein heil stabel med Ari Behn si Entusiasme og raseri til 29 kr. Eg har lese to bøker av han før Trist som f... vart eg positivt overraska over. Det har noko med forventningane å gjere. Bakgård var derimot ei av dei eg las ferdig.

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg har berre lese Bakgård. Den var godt skriven, men temaet var nokså framandt for meg. Men så lærte eg noko nytt der også. Eg synest faktisk eg lærer litt av alt eg les, men kor viktig lærdommen er og kor lenge eg hugsar det er eit anna spørsmål.

arieldog sa...

"Trist som faen" var totalt meiningslaus som lydbok, sidan tekstane mangla tydeleg slutt. Dessutan var det forfattaren sjølv som las, og han blir det fort for mykje av.