laurdag 17. mai 2008

Hipp Hurra!


Det har vore kaldt med vind, sol og så vidt litt regn. I år manglar vi bilde frå toget, men eg har sendt ein e-post og tigga frå ein av foreldra i klassa til Olaug.
---
Tida på klubbhuset flaug. Vi selde mat til ein endelaus kø. Hadde det vore varmare, så hadde kanskje salet vore dårlegare. Eller er det slik at folk følgjer tradisjonane? Øystein og Olaug åt på bedehuset, slik vi bruker.
---
Ein annan tradisjon er at ein skal ete så mykje is ein orkar. Vi hamstra litt på Coop i går. I min barndom meiner eg at 17. mai var første dagen ein fekk kjøpe is. Det fantest verken is-bilar eller boksar med is. Eg hugsar dei første liter-isane som var innepakka i papp. Margrete og eg delte tress-isen på midten. Ho fekk den rosa delen og eg den brune. Blogglesarane får hjelpe meg med denne tidfestinga.

3 kommentarer:

Besta sa...

Eg trur ikkje du opplevde at det ikkje var is i butikkane i din barndom. I alle fall ikkje i den tida du kan hugse.Men det KAN ha vore ein privat regel, og sidan vi budde langt frå butikkar i dei åra,vart det vel ikkje så ofte vi kjøpte is heller. I MIN barndom og ungdom var det likevel slik at
17.mai var første isdagen. Men då fanst det ikkje fryseboksar verken i butikkane eller i heimane.

Hildegard sa...

Første "istida" hadde vi vel små fryseboksar i kjøleskåpet, slik at ein fekk plass til ein avlang 1/2-1liter is (vanilje, krokan, tress?)som ganske riktig var pakka i papp-kartong (miljøvenleg!). Elles hugsar eg frå då eg var så gamal at eg fekk lov å sykle på butikken i Vikja på Stårheim (1955?), at vi fekk kjøpe pinneis som krokan og vanilje med sjokoladebelegg. Dei hadde fått fryseri ved butikken. Der kunne ein også leige boksar for oppbevaring av kjøt m.m. Stor framgang, slapp å hermetisere kjøt på glas! Eidabesta

solveig sa...

Folk fekk vel frysar heime ca frå 1960. Då kunne dei no lage seg is året rundt, men eg trur ikkje det var vanleg. Isboksane kom kanskje på 80-talet?