fredag 23. mai 2008

Pølse med laks?

Ein av dei unge assistentane på skulen hadde bite på reklamen for den nye pølsa. Den som er laga av laks. Eit par av oss andre var meir skeptiske. Det vert liksom feil.

Dagen etterpå ville vi vite om pølsene var gode? Ho hadde ikkje likt dei, men meinte ein kunne gje dei til born som ikkje hadde smakt pøsler før, men då kunne ein like godt gje dei laksefilet, meinte ho. Og vi var samde.

I dag har det vore typisk altanver. Inspirert av diskusjonen på jobb, kjøpte eg ein pakke med med fire laksestykke i, som vi pakka inn i alumimiumsfolie og krydra med (Cemo-gourmet)fiskekrydder og sitronskiver. Servert med nypoteter og tomat/agurk og rømme, konkurrerer dette ut alle typar pølser, spør du meg.

p.s
I elva nedanfor garden var der mykje laks i gamle dagar. Norvald fortalde at der var folk som hadde i vilkåra for kår at dei ikkje skulle ha laks meir enn tre dagar i veka!

4 kommentarer:

Besta sa...

Har ikkje ein gong LYST å smake dei pølsene. Dei vakumpakka laksestykka er sikkert nydelige, dei finst i marinert utgåve også. Men for oss hadde det blitt for lite med ein pakke.Vi et MYKJE fisk, for å seie det slik.Laks var livretten min før, då var det festmat. No er også det kvardagsmat-billegare enn mange andre fiskesortar.

solveig sa...

Eg åt halve pakken sjølv. Dei andre toler meir pølser enno...
Eit godt alternativ til kotelettar på grillen. Torsk og sei vert ein mindre lei av i lengda.

solveig sa...

Må legge til at ein slik 4-pakning kostar 36,50 på Prix no.

Milena sa...

Pølse og fisk går liksom ikkje i lag..he he...må være einig med "besta" har ikkje noke særlig lyst å smake dei!