fredag 16. mai 2008

Fobiar

Eit sikkert vårteikn på skulekjøkenet er edderkoppen. Og du høyrer det før du ser han. Eg har aldri "forstått problemet". Men eg har erfart at det ikkje er nok å kaste han ut vinduet. Æææ!! Den kjøme innigjen! Så i år kasta eg edderkoppen i vasken og skylde han ned. For eit par år sidan måtte eg sette i proppen før hylinga gav seg.

Nei, eg forstår gutane som ber edderkoppane i eit bein medan jentene hyler og ber seg. Kjempeunderhaldning for fjortisar. Samtidig ser eg skrekken i augene til enkelte jenter. Olaug har ikkje lært dette av meg, for å seie det sånn.



Men eg har ein fobi som eg kanskje ikkje deler med så mange: strømpebuksefobi. Eg får heilt klaustrofobi når eg må ha på meg strømpebukse. Då eg gjekk på gymnas visste ikkje mamma kva slags behagelege strømpebukser ho skulle kjøpe til meg. Lykka var det året eg fann ei fora ,
varm bukse.

Når ein har bunad, er det ikkje noko problem å gå med halvstrømper, men det er ikkje fint til halvside skjørt. Onsdag då vi var på Kinarestaurant (Ja, det har vi på Hareid), hadde fleire av oss bukser. Eg sa at eg skulle ønske det fantest gamaldagse strømper, men då må ein vel på spesielle butikkar. Nei, det har dei på Cubus, fekk eg vite. Og jammen stemte det.

I morgon skal eg jobbe i matutsal, og kjem til å ha på meg kjole og "silicone backed" strømper.

God 17-mai!

4 kommentarer:

Besta sa...

Og eg hugsar kor glad eg vart då vi fekk tynne strømpebukser og slapp å gå med strømper og alt som høyrde til!
For ikkje å snakke om då vi var ungar og gjekk i kjole og strømper og det alltid vart eit glis mellom strømpene og underbuksa!

Besta sa...

For øvrig er eg ikkje redd verken edderkoppar eller kvepsar, men har vore nøydd til å ta livet av mange småkryp for å få ro i klasserommet. Men ikkje edderkoppar altså-det bringer ulykke å ta livet av dei!

solveig sa...

Strømpene var gode å gå i og heldt oppe!

solveig sa...

Eg veit at edderkoppdrap bringer ulykke, men kva gjer ein ikkje for elevane sine! Kva skal dei tru i naborommet? Berre vent til tentamen, då kjem alltid ein kveps inn vindauget og bryt freden. Rg trur naboane gjenkjenner lydane....