tysdag 13. mai 2008

God bok

Forrige tysdag lurte turvenninnene på kva eg no hadde på øyret. Ei av dei hadde lagt frå seg Boktyven. Det vart for mange namn, og ho fekk nok etter 50 sider. Mi venninne G, legg av prinsipp ikkje frå seg ei bok, men denne hadde ho ikkje lese.

Dermed las eg vidare med låge forventningar. Men eg likte boka. Dette er forteljarkunst på høgt nivå. Handlinga er lagt til Nazi-Tyskland, og hovudpersonen er ei ni år gamal jente som kjem i fosterheim.

Eg anbefaler boka!

1 kommentar:

Besta sa...

Eg las denne boka sist haust, og derfor er mykje av innhaldet lagra i Gløymeboka. Så mykje som eg les er det umulig å hugse alt. Men boka var god! Veldig bra faktisk. Hadde litt problem med starten før eg forstod at forteljestemma var Døden.