fredag 17. oktober 2008

God helg!

For snart ei veke sidan var 300 000-spørsmålet: Kva er ein epifytt. Det første som slo meg var ein orkidé, ein plante som lever på ein annan plante. Så kom alternativ B opp, og eg var 99% sikker.

Så kjem neste spørsmål. Kor tid lærte eg det? Sit det att frå naturfagtimane på Vidaregåande, eller har eg lese det seinare? Det får eg nok ikkje svar på.

I går averterte dei orkidéar til 99 kr, og eg tenkte at finn eg ein i rosalilla, kjøper eg det. I blomsterbutikker lukta det nyinnkomne duftlys, og eg vart freista til å kjøpe eit i same farge.

På biblioteket var eg heldig og fann ei heilt ny lydbok!

5 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Godt gjort av deg å vite det med epifytt, særleg viss kunnskapen kjem heilt frå naturfagtimane!! Det var billig med 99 kroner for ein orkide`. Eg følte litt trang til å kjøpe ein ny plante i dag, men det blei ikkje..... Ha ei fin helg!

Besta sa...

Eg lærte i alle fall om epifyttar på gymnas! Har vore på utkik etter ein lilla orkidé, men ventar til nærmare advent. Dei billege orkidéane er ofte litt for langt komne, og har lite knoppar, men din ser fin ut. Eg har ein som held på å "kome att", men veit ikkje kva farge den har.God helg.

arieldog sa...

Eg har aldri før høyrt om ein epifytt (men så gjekk eg no språklinja, då). Fin blome og fine lys - ikkje ulike nokre eg såg på forrige veke

Besta sa...

La det vere sagt: Eg gikk på engelsklinja og der hadde vi også biologi! Og sidan den gong har eg alltid visst kva ein epifytt var. Det hjelper ikkje å vere spesialist i engelsk viss ein ikkje kan det mest elementære innan t.d. biologi!!!

solveig sa...

Eg har ein standardkommentar når eg er vikar i matte. Dei fleste klasser testar då ut mattelæraren: Ka oss egentlig skal med matte "det eg lærte på gymnas fekk eg bruk for etter 25 år" ??? "ja, då skulle eg hjelpe Einar" Då følgjer som regel eit stønn eller to. Men det vert slutt på diskusjonen. Dei føler vel dei får litt medhald.
No har vi eit nytt døme........ Ein veit aldri kva ein vil få bruk for sånn sett, eller ikkje. Kva med meg som hadde 1 t i veka med maskinskriving i 2 år?