fredag 3. oktober 2008

Noveller


Dette er andre novellesamlinga eg har lese av forfattaren. Bikubesong er nok mest kjend og har fått best kritikkar. Men eg må seie at eg likar desse novellene også!
Forfattaren har teke utgangspunkt i ulike songar. Felles kan vere ei kjensle av einsemd? Parforholda i novellene er ikkje lykkelege, for å seie det sånn. Eg likar godt at ting vert sett frå litt uvanlege synsvinklar! "Fantomteikninga" er vel den eg beit meg mest merke i!

1 kommentar:

Besta sa...

Denne har eg også lese ein gong. Men sidan dei fleste songane var ukjende for meg, fekk eg vel ikkje full utelling. Har lese fleire bøker av Frode Grytten og eg likar han godt; særleg språket som er eit dialektfarga nynorsk!