måndag 20. oktober 2008

Mange tek utfordringa



Om hausten brukar vi å ha prøve i Mat og helse. I fleire år har vi delt prøva i 2: Fletteloff og teori. Teoriprøva har to delar; ein medan deigen hevar og ein medan loffen hevar.

Elevane får velge mellom 3-flette og 6-flette. Mange har lyst til å lære å flette med 6, og dei aller fleste greier det!

Til 3-fletta deler vi deigen i 4. 1/4 blir delt i 3 og vert til ei tynn flette oppå den tjukke. Den er ikkje så verst den heller!

2 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Fletteloff er godt! Det var noko av det mest vellukka og kjekke vi laga i fjor, då eg hadde mat og helse. Vi delte deiga berre i tre, men så er det no litt skilnad på ein sjetteklassing og ein niandeklassing også då. Mat og helse er eit kjempeviktig fag, så stå på!

Besta sa...

Eg kan ikkje flette med meir enn 4....loff eller ikkje.Men gjærdeig er flott formingsmateriale og dessutan noko av det nyttigaste dei lærer på skulekjøkkenet.Loffane såg veldig proffe ut.