søndag 26. oktober 2008

Gratulerer!

I dag vil vi gratulere bror min, onkelen på Kongsberg, med dagen!

Bildet er frå sommaren 1990 då keeperen var baby. Bror min vart onkel til fire her før han sjølv fekk to.

10-årsdagar var noko stort i gamle dagar. Då fekk ein ha alle jentene eller gutane i klassa i selskap. Mamma hadde baka to blautkaker. Det var alltid rikeleg med kaker og gele. Eg hugsar enno kor dei åt seg langt inn i andre blautkaka. Og så sprang dei inne.

Året etter, i 1975, feira vi dagen i Volda. Det var premiere på Flåklypa. Vi kom ikkje inn på første forestilling. Medan vi venta, var vi på besøk hos ein kollega av mamma i Volda. Etter at vi hadde kjøpt billettar, møtte vi ein annan kollega av mamma. Då ho fekk vite at bror min hadde fødselsdag, tok ho ein sjokolade opp av veska og gav han.

Slik hugsar eg det.
Ha ein fin dag!

1 kommentar:

Besta sa...

Du hugsar betre enn eg, men Flåklypa hugsa eg, ikkje sjokoladen.Eg hugsar også at på 10-årsdagen gikk det etter kvart litt vilt føre seg. Då sette Nils seg til å spele poker med dei-om knappar. Det var vel litt på kanten.Det var litt enklare med jentene som hadde bursdagar om sommaren og ein kunne vere ute.