Det har vore så mykje snakk om kriser i det siste.
Vi som verken har store banklån, bankinnskot eller aksjar, går vel helst lei av alt krisepratet.
No høyrde eg at ei krise var avblåst, straumkrisa i Midt-Noreg. Det har no kome nok regn til at vi kan slappe av. Så er det dårlege veret godt for noko.
Ei anna krise vi har avverga, er faren for svarte skjermar. No har alle TV-apparata parabol eller boks. For her kunne det bli krise tysdagskveldane. Tenk på kollisjonen mellom Champions League og Grey's anatomy. Då snakkar vi om skikkeleg krise!
2 kommentarer:
Når ein har ulike interesser, men berre eitt TV, lyt ein lære seg å takle krisesituasjonar.Grey´s Anatomy begynte eg å sjå i haust.Heilt teit, spør du meg. Men alt er betre enn fotballkamp.Eg tyr ofte til lydbøker i staden for TV, for å seie det på den måten.Kva betyr eigentleg "krisemaksimering"? Kan nokon forklare meg det?
Eg vurderte overskrifta "Full krise". Det går inflasjon i sterke uttrykk, ja.
Legg inn en kommentar