fredag 4. april 2008

Frø frå i fjor.

I dag gjekk det opp for meg at vi er komne eit stykke ut i april. Først såg eg frukost-TV der Finn hadde trekt ut på gata med mold og frø, deretter snakka eg med mi venninne M som også har kome i full sving. Då vart eg inspirert!

I fjor sådde eg både isebergsalat og grønkål med stort hell. Ein halv pakke gav mange plantar. Eg kom aldri så langt som til å så plukksalat, så då vert det ein ny sort i år også. Eg har som mål å prøve nye sortar kvart år.

No har torvbrikettane fått lok over seg. Dei får stå på vasken med varme frå oppvaskmasina til dei har spira. Etterpå skal dei få stå lyst og relativt kjøleg i "nyestova"


1 kommentar:

Besta sa...

Kan ikkje seie at vårfornemmelsane er så sterke her. Snøen lavar ned, men legg seg heldigvis ikkje på vegen. Nils køyrer med sommardekk.Blomstrane som eg fekk med deg og som står i krukka på trappa fekk seg ein ublid start, men dei lever.Duftranken held på å sprette ut inne på stova.