laurdag 19. april 2008

Ting på gang

Neste veke skal eg vikariere i Kunst og Handverk. Så i går var Olaug og eg på ein butikk i Vik vi kallar Eurosjokk, der ein får mer til overs, og kjøpte garn til tøflar. Tøflane skal tovast, og oppskrifta er enkel, likevel er det greitt å øve seg. Olaug og eg strikkar på skift.

Onsdag såg eg at Øystein hadde liggande ein bestillinglapp han skulle sende til Haugen. Eg var snar å føre på kokeboka eg skreiv om forrige veke. Bøkene kom allereie i dag! Berre ein bestiller for meir enn 200 kr, slepp ein porto. Det er ikkje noko problem når Øystein og eg slår oss saman!

På biblioteket hadde dei fått inn fleire lydbøker eg ikkje har lese, men eg har ikkje kapasitet på MP3-en til fleire enn to.

Elles har eg sett Hareid slå Tjørvåg 8-5 i gutte sjuarkamp i dag. Eg berre nemner det, for då eg begynte med bloggen, trudde eg at det skulle bli meir fotball enn det har blitt. Det spørs no når sesongen startar........

2 kommentarer:

Besta sa...

Har lese Åsa Larsson sine bøker etter kvart dei har kome ut. Til no har eg lese tre. Om dette ei ei av dei tre eller om ho har kome med nr.4 veit eg ikkje, sidan eg sjelden hugsar titlane på bøkene eg les.Eg synest ho er bra, sjølv om det ofte vert veldig dramatiske sluttar!

solveig sa...

Denne, Svart sti, er nummer 3. Eg har også lese dei to første.