Dei siste dagane har eg vore på fem ulike matbutikkar i distriktet. Det verkar som alle har fått same opplæring. Ei kort helsing og viss du ikkje rekk å seie
- og så skulle eg hatt to nett!, så kjem det :
- Pose?
I min dialekt er det skilnad på pose(plastpåse) og nett (plastnett). Plastposar er små og gjennomsiktige og heiter gjerne brødposar når du kjøper 100-pakningar. Plastnett eller handlenettt, er store nett du ber heim varer i.
I dag fekk eg spørsmålet av ein kar nordfrå. Alle med andre dialekter får snakke som dei vil. Slagordet på 80-talet var "Snakk dialekt, skiv nynorsk". For meg held det enno.
- Pose?
- Nei, ej he med mej nett!
Og det skal eg halde fram med!
1 kommentar:
Her i ørsta seie me plastnett eller nett, vanligvis. Men på TV gjorde dei narr av Lisa Stokke fordi ho sa NÆTT om ein bærepose.Nett er eit nett(hekla med store løkker t.d.)For meg er ein pose av papir-unntatt plastposar,då, så her er visst litt surr i begrepa.
For øvrig har vi eit stort nylonnett(uten hol altså) som vi brukar til å handle matvarer i, så slepp vi å få fleire nett enn vi treng!
Legg inn en kommentar