fredag 14. desember 2007

Shønberg Erken


Eg har arva mormor si kokebok. Henriette Schønberg Erchen STOR KOKEBOK er utgjeven i 1931. Amanda strøm fekk/kjøpte ho 12/9-1940. Boka er godt brukt. Spesielt viser det på kapittelet "Bakning", og det er no ikkje så rart. Det er vel slik i dag og at middagsoppskriftene har vi i hovudet, medan kokebøkene kjem fram når vi skal bake.
--
Ei oppskrift eg ikkje tek fram oppskrift til, er krumkaker. Då er det lettvint å ta same vekt av egg, sukker, smør og kveitemjøl + litt kaldt vatn. Eg las på lappetausa sin blogg at ho hugsar Amanda sine krumkaker. Kan det vere denne?
--
Krumkaker II
125 g smør
125 g sukker
125 g hvetemel
125 g potetesmel
4 egg
2 dcl vann.
--
Eggene og sukkeret vispes 1/2 time, irøres det smeltede, avkjølede smør, det kolde vann og det siktede mel. Stekes så tynne som mulig i krumkakejernet; krum dem over en stokk eller et kremmerhus - krummes mens de endnu er varme.
Scønberg Erken s.597
--
Det er nok fleire enn eg som har gode minne om mormor sine kakeboksar. Det kom fleire av dei til jul, og dei var store! Min favoritt var skrivarfruene.
--
I dag er smultringar eller hjortetakk som dei eigentleg heiter, min favoritt. Men eg må innrømme at eg tyr til den lettvinte løysinga, nemleg å kjøpe dei hos bakaren.

2 kommentarer:

Milena sa...

Eg he denne oppskrifta også.Den var med krumkakejernet eg kjøpte meg.Faktisk fleire varianter,fra den billigste til den dyraste.Bruka den kvar jul,den er kjempe god.

Elin sa...

Hei! Eg skal sjekke opp den oppskrifta, eg har fått ei med Bodil som kanskje er denne. Men visping ein halv time, nei.... Og Skriverfruens tebrød, den oppskrifta fekk eg då eg jobba på sjukehuset, men har rota den vekk. Kanskje du har den? Dei er smettande gode, med melis på!
Eg er ikkje begynt å bake endå, slit med presangar som skal syast ferdig! Ha ei fin veke, og ikkje slit deg ut med å skulle tilfredsstille alle sine forveningar!