torsdag 27. desember 2007

Vossamat

I Vossamat er det mykje norsk historie. Det er nesten så eg ikkje trur alt kan vere sant.
Kor lenge var det vanleg å ete graut av same fat?
Kor tid vart det vanleg å ete med kniv og gaffel?

Frå årestove til vedkomfyr. Kan det verkeleg stemme at vedkomfyren vart vanleg berre for vel 100 år sidan?

Her er mykje tankevekkande stoff. Kvardagsmaten var temmeleg enkel.

Men skilnaden på fattig og rik var stor.

3 kommentarer:

Besta sa...

Apropos vedkomfyr. Eg veit at då mamma var lita og dei budde nede ved sjøen i eit lite hus,kokte dei mat i grua. Om dei fekk komfyr mens dei budde der, eller om det var først då dei flytta på Geilemyra, veit eg ikkje.Til samanlikning så hadde vi vedkomfyr til eg var 13 år.Men på den tida var det mange som hadde fått elektrisk omn. Grunnen til at ikkje alle hadde det, var helst at det var mangel på elektrisitet.

Milena sa...

Fant boka eg kjøpte i 1984,to år etter eg kom til Norge:Norsk mat.Den er laga i samarbeid med Norges Bondekvinnelag og blei første gang utgitt i 1965 av Cappelens Forlag.Veldig bra bok.34 oppskrifter på graut...mange lefser oppskrifter og matvaner fra heile ladet.Det var mykje nytt for meg da.
Matliste fra ei gard i Valldal 1850-60:der var noke som heite dravle til middag kl 12.Veit du ka det er?

solveig sa...

Til besta: Det er logisk at mange hadde vedkomfyr til dei fekk straum, men eg hadde trudd det då hadde vore vedkomfyr lenge. Di bestemor skulle vere den som fekk det rundt 1900 +/-.
Til Teta pehta: Namnet er kjent for meg, men her må eg forske litt. Kanskje Besta eller Besten veit?