søndag 2. desember 2007

Søndag 2. desember

Speidargudsteneste og førjulsfest i Brandal.

Håkon er speidar, så vi starta søndagen med å gå i kyrkja.
Der var full kyrkje med mange speidarar og "minikonfirmantar", d.v.s 12-åringar, til stades.

Olaug er aspirant i skulekorpset, og aspirantane skulle spele Bjelleklang (manglande klang?). Elles song Brandalskoret og korpset spelte julesongar. Vi kjøpte oss mat og tok lodd, utan å vinne.

Innimellom dei to arrangementa kokte Øystein middag. Vi hadde salta på torsken til Håkon. Sjølv får eg ikkje betre mat enn kokt torsk med poteter, gulrøter, meierismør og flatbrød!
Eg retta ferdig dei siste 15 av dei 62 prøvene i Mat og helse. Kvar prøve er på 8 sider med m.a. utfyllingsoppgåver. Eg bruker 10-12 minutt på kvar. Eg arbeider etter mottoet "stress er det ein ikkje har gjort".

Bildet i dag er av hengeplanten min som framleis blomstrar ut for døra i fine adventsfargar. Eg har ikkje hatt hjarte til å kaste den.

3 kommentarer:

Besta sa...

Tenk å ha slik fin og frisk adventspynt!! Ingeborg og eg gjekk og snusa inne på Stil og stemning i går, og for skam skuld syntest eg at eg måtte kjøpe noko. Fann ut at eg kunne no kjøpe fine LILLA lys til adventsstaken. DET hadde dei ikkje. Talentlaust!Har dokke sånn lyslykt til å ha ståande ute? Dei har så mange fine på butikkane, både svarte og kvite.

solveig sa...

Eg kjøpte meg ei stor svart i fjor, meiner det var for pengar eg fekk frå deg! Det har liksom vorte ein klisjé her i nabolaget!
Elles er eg for lilla pynt no, og det har vilitt i stova, men kjøkenet mitt er berre raudt.

arieldog sa...

Eg har òg leita etter adventspynt. Såg ein del fint på Sissel blomster i Volda - der eg går forbi morgon og ettermiddag.