torsdag 13. desember 2007

Lussekattar



På skulen har vi baka nærare 250 lussekattar. Det vart nok til alle som ville kjøpe i kantina. Nokre av dei vi baka i dag, fraus vi ned. Det vert mykje syting dersom den bakarste i køen ikkje får. Så når vi har noko godt, prøver vi å ha rikeleg.
Heime laga eg ekte lussekattar. Kva er ekte lussekattar? ville dei vite her. Då vert dei baka med verdas dyraste krydder, safran. Eg hadde eit gram på lager som eg kjøpte på Spar for ca ein månad sidan.
Eg brukar ikkje oppskrift når eg lagar gjærbakst, men gjekk her ut frå ei bolleoppskrift eg har i hovudet. Raud gjær, egg og ekte smør gjev god smak og lett bakst. Mine heva seg litt saman, men det synest eg ikkje gjer noko.
Lussekattar
3 dl mjølk
100 g smelta smør
1 pk fersk, raud gjær
1 egg
1 dl sukker
1 g safran
ca 10 dl kveitemjøl
p.s.
Resten av ettermiddagen har eg brukt på kjøpesenter og butikkar i Ulsteinvik.

3 kommentarer:

STRIKKEMOR(O) sa...

Takk for gode tips ang. baking! Eg kom ikkje på at eg kunne bruke raud gjær då vi baka lussekattar sist veke på skulekjøkkenet! Vi baka ca. 500 stk. Vi har over 300 elevar på skulen, og så måtte vi jo ha til lærarane og nokre til å ete same dagen, sjølvsagt. Hos oss går dei to 4. klassene rundt til alle klassene på skulen og syng/delar ut lussekattar!

arieldog sa...

Tenk, i år hadde vi Luciatog på Volda vidaregåande også! Dei hadde ikkje baka nok, for å seie det slik. Amanda fekk vere Lucia på skulen saman med klassevenninna, og Erlend gjekk med barnehagen til eldrebustadane (som ligg i andre etasje på barnehagen). Vi laga lussekattar i kyrkja sist laurdag med meierismør og utan egg pga to allergikarar. Eg sakna safran - det er ikkje berre fargen som skal til. Som Erlend sa: koffor dei kalla bollane for lussekatta?

solveig sa...

Raud gjær gir bollane eit ekstra løft. Vi selde lussekattane for 3 kr stk. Vanlegvis sel vi mat utan forteneste. Heimelaga rundstykke med pålegg til 3 kr t.d. Med gurkemeie er det no som gule bollar. Men det går unna som "varmt hvetebrød". Det er rart med det. På skule/jobb smakar det godt med noko lite ekstra.