måndag 31. desember 2007

Nyttårsforsett

Eg har ikkje nokon sans for nyttårsforsett. Dei fleste veit om side svake sider, og kan ta seg på tak same kva dag det måtte vere. I januar i fjor sette eg meg til å tenke høgt. Eg får lest for lite og gått for lite på tur. Det eg skulle hatt, var ein MP3-spelar slik at eg kunne gå på tur og høyre bøker. Eg hadde ikkje før sagt det, så låg han der, ein raud, fin MP3-spelar. (Akkurat den har klikka, og eg har skaffa meg ei I-pod-liknande sak)
--
Når eg no fekk freistande tilbod frå Bokklubben Nye Bøker, så oppdagar eg at eg har lese over halvparten, det vil seie dei fleste bøker som interesserer meg. Den siste boka eg har lese ferdig er Stieg Larson sin krim "Menn som hater kvinner". Når biblioteket opnar igjen, skal eg prøve å få tak i dei to neste.

3 kommentarer:

Elin sa...

Godt nytt år! Eg har nokre nyttårsforsett i år, sjølv om eg er som det: eg likar dei eigentleg ikkje....
Men tur/høyre bøker er jamen lurt. Får ein låne slike smådingsar på biblioteket (altså den dingsen der boka er lest inn...)?
Elles er det vel dyrare i innkjøp enn bøker?
Som du ser, her er eit felt der eg er heilt blank! Er rimeleg stolt fordi eg lærte meg å bli sjølvstendig med dvd-spelaren i jula (du veit, alle apperata, fjernkontrollane, kva som kan stå på samtidig, you name it....).

solveig sa...

Det kjem slike MP3-lydbøker. Eg kvar CD inn på min spelar. Den eg har no Creative Zen er som ein I-pod. (Apple har einerett på det namnet). Det følgjer med ein CD med programvare. Då gjev eg kvar CD namn sjølv. Med 4 GB går der 4 bøker inn på om gongen. I dag lånte eg to, biblioteket får dei att seinast laurdag. Det er litt å sette seg inn i, men det heiter Rip CD og då er det sjølvinstruerane. Eg er ikkje spesielt glad i nye DVD m.m. Men eg seier til meg sjølv at det er laga for normale folk, ikkje geni.

solveig sa...

Der skal stå: Eg legg...