onsdag 5. desember 2007

Jakta på kjærleiken

I min barndom var enkelte TV-program skadelege for born. Ein kunne bli redde eller drøyme stygt. I vaksen alder meiner eg at ein aldri heilt kan forutsjå kva born og vaksne reagerer på.

Ein gong vart eg skremd av Barne TV. Mora i forteljinga sa "Nå er jeg såå lei av å lage mat". Tenk om mamma plutseleg ikkje ville lage mat til oss, og plutseleg var lei av oss. Ja, det var verkeleg skræmande. Jenta i forteljinga hjelpte rett nok mora si med å skrelle poteter og det vart ein lykkeleg slutt.

I år går eg tur saman med noverande og tidlegare kollegaer akkurat når det er "Bonderomantikk". Ein sesong då eg følgde betre med fekk eg mareritt av heile serien. Eg vakna brått etter å ha vunne mannen og garden. Men kva skulle eg med han?

No må eg berre innrømme at eg har sett dei to siste episodane i år. I går meiner eg at eine dama hadde vakna med same tankane. Kanskje konkurranseinstinktet hadde tatt henne?

5 kommentarer:

Besta sa...

Tenk at du hadde så skræmande tankar i barndommen! Men kanskje det vart spiren til interessa di for å lage mat sjølv?
Det paret du siktar til i Bonderomantikk hadde ingen ting å bygge på, men det var no bra dei forstod det så pass tidleg i leiken.Eg vart heilt sjokka då han valde henne framfor den andre.Eg har sett nesten alle episodane, sjølv om eg synest konseptet er heilt teit.

arieldog sa...

Her hiv eg meg på - viktige saker må diskuterast nøye! Lars og eg er einige om at den aktuelle dama var ei sur furtedame, og at ho var mest opptatt av å vinne over dei hine. Han, på si side, var visst svært skuffa over at ho valde enkeltrom.

solveig sa...

Eg tenkte først at ho hadde fått så pass gammaldags oppseding (sør-vestlending) at ho ikkje ville ha det ut over heile landet at ho hoppa til sengs etter så pass kort tid. Ho var bitch, men han var no bra furten også! Det med romma kunne dei no ta att etter at fotografen hadde lagt seg!
Men er der ikkje gnist, så er der ikkje gnist.

Besta sa...

Eg tykte han var passe sær heile tida, virka veldig kontrollerande. Og så gjekk han enten bak eller framfor henne heile tida. DET irriterte MEG. Eg skal ikkje utdjupe det meir.................
Og at ho valde enkeltrom var heilt rett når der ikkje var tenning i det heile tatt. Men dei kunne no prøvd å ha det LITT kjekt i alle fall.Ho var ute etter noko å vere sur for......

arieldog sa...

Eg er sikker på at han angrar fælt på valet no...