søndag 23. desember 2007

Julegraut



Vi brukar å ha graut midt på dagen på julaftan, sjølv om både Øystein og eg var vane med brødmat og pålegg. Her i huset er det ingen som kjem svoltne heim frå jobb klokka 12, for å seie det sånn.
--
I dag har eg opna ei lisjejulaftangåve frå mamma og pappa, to nissetallerkar og to krydderglas. Slike nissetallerkar har vi fått av dei for mange år sidan. Ungane åt opp grauten for å sjå kva slags nisse som var i botnen. Den tida hadde eg ein mandel i kvar tallerk for å halde på julefreden. I morgon skal eg ha mandel i ein tallerk. Då vert sjansen for at Audun får mandelen for ørtande gong, redusert frå 50% til 16,66%.
--
Elles har eg eit lite tips for å få ekstra god graut. Då eg låg på føden i Volda etter at eg hadde fått Audun, fekk vi sånn nydeleg graut laurdagen. Dei kom fram til at det måtte vere rømme i den. Berre prøv! Risengrynsgraut kokt med H-mjølk og 1-1/2 dl seterrømme pr liter mjølk vert nydeleg julegraut. Og vi gler oss til å prøve julegrautkrydderet med kanel, kardemomme, sukker og vaniljesukker.

1 kommentar:

Elin sa...

Riktig god jul til heile familien!