laurdag 15. desember 2007

Hvert skritt teller - men telles hvert skritt?



Eg var kanskje av dei første som skaffa meg skritteljar. Den følgde med eitt eller anna medlemsskap. Og eg har brukt den til å gje meg eit spark bak. Eg har gått til og frå jobb og fritidsaktivitetar, gått til biblioteket. Kombinasjonen med lydbøker har gjort det ekstra motiverande å gå seg ein tur.
--
Men for ca ein månad sidan klarte eg å knuse skritteljaren. Då var det store spørsmålet, skal eg greie meg utan? Det vart til at eg levde lykkelg og makeleg nokre veker før eg såg denne på apoteket for 80 kr.
--
Jauda, eg har vandra vidare, men har det hjelpt? 4000 skritt på ein aktiv dag? Direkte demotiverande vart det. Så fekk eg gå meir systematisk til verks. Eg gjekk 100 skritt, teljaren sa 46. Eg trampa 50 skritt, teljaren sa 41. Eg gjekk i trappa, ikkje det ein gong ville han telje skikkeleg.
--
No har dei fått skritteljaren, også den dei ville erstatte han med, attende på apoteket, med ei sterk oppmoding om å prøve dei ut sjølve! Dei gav meg pengane attende, noko eg sa ikkje var så viktig for meg.
--
p.s.
Eg har kjøpt meg ein ny på Sportsenteret med trugsmål om at han skal få den attende om han ikkje tel skritt. Så no står det att å sjå.

4 kommentarer:

Besta sa...

Du er tøff! Forstår ikkje kven du slektar på.
For øvrig meiner eg at alle skritteljarar bød øydeleggast. Dei provoserer meg!!!!!!

arieldog sa...

Skritteljaren min forsvann på mystisk vis ein kveld i november - eg har, som mine næraste fnysande har erfart, vore opphengd i skritteljing sidan julaftan i fjor, og no er det slutt. Eg nektar å kjøpe ny før julestria er over, og hundane ser anklagande på meg kvar gong eg set meg føre i staden for å storme på dør i allslags ver. Dette har ført til at eg har fått retta ferdig alle stilar og heildagsprøver FØR jul, og eg får dermed rikeleg tid til trim i romjula...

solveig sa...

Eg kjem truleg til å prøve å få byta inn min i nokre fotballstrømper... Så får dei andre trimme. Denne måler så og seie ikkje eit einaste skritt innandørs. I dag stod den på 100 skritt då eg gjekk på jobb....

arieldog sa...

Eg nektar å kjøpe ny før eg får ein som er til å stole på...