måndag 3. desember 2007

3. desember



Varm sjokolade.

I dag tok eg med meg eit hefte med julemat frå Tine. Håkon fekk lyst til å lage sjokolade, og det er no alltid greitt å begynne med det enklaste.

Sjølv tenker eg alltid på mormor Amanda når vi lagar sjokolade. Alltid når eg fekk mat andre stader i min barndom, eller vi laga mat på skulekjøkenet, så tenkte eg at mamma sin mat var betre. Kun mormor slo henne i matlaging. I ettertid veit eg ikkje om det var positive forventingar, ekstra "fløyteskvettar" eller rett og slett eit eige handlag ho hadde fått etter ei lang karriere som kokk.

2 kommentarer:

arieldog sa...

Her hos oss har det blitt ein tradisjon å drikke varm sjokolade til sein julaft-frokost. Vi puttar marshmallows i krus og fyller på med varm sjokolade. Smakar fortreffeleg attåt grovskive med syltaflesk og rødbetar, og sit godt i skrotten når ein må vente lenge på middag.

solveig sa...

Det var slik det stod i oppskrifta, men marshmallows er av dei få ting eg ikkje har på lager.