søndag 9. desember 2007

Søndag 9. desember

I dag har vi hatt 5 minusgrader og sol på Hareid. Her vi bur, er det sol heile året, men berre ein time på det mørkaste.

Som blogglesarane sikkert har forstått, prøver eg å skrive litt kvar dag som ein adventskalender. Ikkje for å skryte av kor travelt vi har det, men vise korleis ein "vanleg" familie har det før jul.

I staden for å begynne på nye prosjekt i dag, har vi kosa oss, pakka litt pakkar og smårydda litt. Adventskosen vart røykelaks og eggerøre i staden for meir søtt.

Ingen kommentarer: