onsdag 19. desember 2007

Som de ser er julebaksten i gode hender her i huset. Olaug likar godt å bake. Berre ho får ein ferdig deig, ordnar ho resten.

For eit-to år sidan prøvde eg å stoppe henne då ho stod klar med gryteklutane og skulle ta ein pizza ut av omnen. "Eg kan å steike pizza eg. Når dokke er på jobb sitte brorane og ser på TV og så steiker eg pizza!"

1 kommentar:

Besta sa...

Ser ut til å bli eit bra husmoremne.Fint at ho får sleppe til!! Og vi set veldig pris på kakene VI fekk til jul.