onsdag 26. desember 2007

Smak av krydder


Dette er ikkje berre ei kokebok. Det er ei reiseskildring med mange flotte bilde. Den inneheld fakta om krydder og oppskrifter og ikkje minst skildrar Andreas Viestad opplevingar frå reisene sine. Han krydrar med personlege meiningar.

Eg har fått lyst til Thailand! Der er oppskrifter frå mange land, men Thailand freistar mest. Neste sommar vert det ikkje, då har vi planlagt tre andre feriar. Heldigvis har han kome med tips om stader i Oslo der ein også kan få godt krydra mat. Dit skal vi!

Etter å ha lese kokebøker i fleire timar, fekk eg så lyst til å prøve noko. Sjølv om vi har mykje mat i hus, så har vi ikkje ingrediensar til så mange av desse rettane. Ikkje var eg særleg svolten heller. Så fall augene på ei dessertoppskrift som gjekk igjen i begge Viestad sine bøker. Dessert av appelsin og kanel. Enkelt og greitt. I Mine beste sider var der sukker også. Han understrekar at kanelen må vere av god kvalitet. Eg hadde fått kanel av same type som grautkrydderet til jul og appelsinene var kjempesøte og gode (spanske frå Prix). Høyrest det merkeleg ut? Prøv sjølv! Det var kjempegodt!

Ingen kommentarer: