måndag 24. desember 2007

God jul!


Her på Hareid skal vi snart ete graut.
Vi brukar å gå til kyrkje 14.30 på barnegudstenesta.
Olaug skal ikkje synge i år, men mange av klassevenninnene syng i barnekantoriet.
Ca klokka 17 skal vi ete ribbe, eller pinnekjøt som austlendingane har lært oss at det heiter. Så spørs det kor tid det vert dessert. Øystein og Håkon har plukka molter til moltekrem.
Eg hadde tenkt meg ut å ta bilde av kristtornen vår frå Sula. Det får vente til veret vert betre. Vi har hatt storm i natt, og det er framleis skikkeleg utriveleg ute.
No står det att å ønskje blogglesarane ei riktig god jul!

4 kommentarer:

Besta sa...

Det var eit fint dekka bord.Håper at grauten smakar! vi har ete julebrød med ost og drukke kaffi, kan ikkje øydelegge appetitten til hovudmåltidet som vi skal ha seinare.
God jul!

STRIKKEMOR(O) sa...

Eg vil ynskje deg og familien ei riktig god jul!
No er vi komne heim etter å ha vore hos svigerforeldrene mine på middag og pakkeopning! Henning var ganske hyper og skulle hjelpe alle med å opne gåvene deira! Men no søv han, og dei store er allereie i gang med å sjå siste Harry Potter-filmen som Bjørnar fekk i gåve!

Besta sa...

Eg gløymde å spørje kven som fekk mandelen i år.

solveig sa...

I år vart det Øystein som fekk marsipangrisen.