laurdag 1. desember 2007

Julegeit

I fjor kjøpte eg ei geit til pappa gjennom Kirkens Nødhjelp. Han fekk andre julegåver også. Det var mest fordi eg synest det var ein god idé å få gje til noko så nyttig. I etterkant las eg det som stod med lita skrift.

I år ser eg at Flyktningehjelpen (www.gavermedmening.no) har knabba idéen, og her kan du kjøpe geiter med eller utan T-skjorte til deg sjølv eller ein annan.

I tillegg til å støtte ei god sak, gir du folk noko å snakke/vitse om!

2 kommentarer:

Besta sa...

Eg er absolutt FOR å gi til dei som treng det mest, men som før sagt meiner eg det er for mange organisasjonar,det skulle vore fleire samla under same administrasjon.Eg har valt å ikkje vere fadder e.l. men gir fast til Redd barna og SOS barnebyer.Har sett på Plan-fadderprogrammet i kveld.Grusomt å sjå kor somme barn har det.

solveig sa...

Slike program kombinert med ein dag på kjøpesenter, gjer at ein får lyst til å gi også til dei som treng det meir enn oss.