måndag 10. desember 2007

Måndag 10. desember

Etter ei veke med kjøtkaker i brun saus og riskrem, startar vi med finnbiff og krumkaker med krem og frukt i morgon. Kjøtkakeleksjonen er alltid populær, kun to elevar av 62 åt ikkje det. Finnbiff er også populært. Det legg dei opp på tallerkar og serverer som juleavslutningsmiddag.
Signe laga ei god oppskrift for nokre år sidan. Alternativet "Bidos" i kokeboka er ikkje så populært.

FINNBIFF

1 ms margarin
250 g reinsdyrkjøt i løvtynne skiver
1 liten løk, hakka

2 ms kveitemjøl

3 dl vatn
1/2 ts salt
1/2 krm pepar
6 knuste einebær
1 ts rognebærgele
1-2 skiver geitost
1/2 dl seterrømme

1. Smelt margarin i ei jarngryte. Den er passe varm når margarinen ha slutta å skumme og er lys brun.
2. Brun kjøtet og løken. Strø deretter over kveitemjøl.
3. Ha i resten av ingrediensane og kok retten over svak varme i ca 30 minutt.
4. Smak til sausen. Trengs det meir salt eller krydder? Sausen skal vere lys brun. Du kan justere fargen med ein dråpe eller to med sukkerkulør.

I år serverer vi finnbiffen med potetmos, gulrøter og tyttebærsyltetøy.
Sjølv er eg veldig glad i brokkoli......

Ingen kommentarer: